TAF/YSK-modellen

Bilder av elevar som koblar stikkontakter

TAF/YSK-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

E du både praktisk å teoretisk sterk?  Taf e ei heilt spesiel linje. Me snakke om et 4-årig løp, der jobb og skule e kombinert, kor du faktisk får lønn fra første dag!

Du får altså både spesiell studiekompetanse og fagbrev! Det e med andre ord en veldig utfordrende retning, som kreve dedikasjon, men som óg gir mange mulighetar.

Knarvik Videregående e en stor skule, og har et aktivt, godt og sosialt skulemiljø. Går du TAF på Knarvik, kan du velge mellom retningane: Bygg, helse, mekanisk og elektrofag.

Praksis å teori går hånd i hånd gjennom alle dei 4 årene. Gjennom å følla erfarne fagfolk tett, får du også en heilt unik kompetanse.

Her får du et solid grunnlag for videre studier, samtidig som du lære deg et fag og får et fagbrev. Taf er for deg, som virkeli e dedikert, ambisiøs og målretta.

Dette er for deg som er motivert og arbeidssam, og likar realfag som matte, fysikk og kjemi. Dette er ei 4-årig utdanning og du får løn frå første dag. Utdanninga gir og eit særs godt grunnlag for videre studier i Noreg eller utlandet. Hos oss har vi 4 ulike retningar innan TAF/YSK: bygg og anleggsteknikk, helsefag, elektrofag og teknologi og industrifag. 

TAF/YSK - 4 ulike retningar

Bygg og anleggsteknikk

Når du ser deg rundt vil du oppdaga at alt som er med å forma den fysiske strukturen i eit moderne samfunn, er grunnlagt på kompetanse som kjem frå byggfag.

Bygging av private boligar, offentlege bygg, vegar, vatn- og avløypsanlegg, tunnellar, oljeinstallasjonar i betong, bruer og mykje anna. Etter kvart som trendar og byggeskikk endrar seg, vil handverkararane innan bygg- og anleggsteknikkfaga vera med å prega dei kvardagslege eller monumentale byggverka der vi bur og arbeider.

For alle faga fra bygg- og anleggsteknikk gjeld det at du bør ha godt handlag og praktisk sans, og du bør kunna arbeida selvstendig og nøyaktig. Du bør også kunna arbeida i gruppe, ettersom gjennomføringa av byggeprosjekta ofte krev nært samarbeid mellom dei ulike yrkesutøvarane.

Dersom du ønskjer ein karriere i entreprenørbransjen, bør du velja bygg- og anleggsteknikk. Anten du vil arbeide som fagarbeidar eller tar sikte på høgare studiar innan ingeniørfaga, vil byggfag vera det beste utgangspunktet. For deg som er skapande og likar å se ting voksa fram, byr denne bransjen på ubegrensa mogelegheiter.

Første til tredje året går du på skule 3 dagar i veka, og på jobb 2 dagar. Fjerde året går du på skule 2 dagar i veka, og på jobb 3 dagar.
 
Aktuelle fagbrev er betongfaget, tømrarfaget og stillasfaget. 
 

 

Helsefag 

Helsefaga skal videre bidra til å utvikle profesjonelle yrkesutøvere med empati og evne og vilje til å yte heilhetlig omsorg og samhandle med menneskar med ulike hjelpebehov.

Med utdanning innan helsearbeiderfag blir du god til å kommunisere og samhandle med mennesker med ulik bakgrunn og livssituasjon. Du lærar å utvikle etisk bevissthet og forståelse av likeverd, likestilling, respekt og toleranse som grunnleggende verdiar. 

Helsearbeiderfag handler om å utvikle yrkesutøvere som kan bidra til å dekke behovet for kompetanse i grunnleggende sykepleie og miljøarbeid i alle deler av helsetjenesten. Programfaga handlar om å kunne gje helsehjelp, forebyggje einsemd og bidra til et aktivt liv for pasientar og brukarar.

I tillegg til helsefaga tek du spesiell studiekompetanse, med mykje realfag, som blant anna gjer deg kvalifisert til å søkje studier innna medisin, fysioterapi eller bioingeniør.

Dei første tre åra går du på skule 3 dagar i veka, og på jobb 2 dagar.

Fjerde året er du 2 dagar i veka på skule, og 3 dagar på jobb. 

Arbeidsplassane er typisk dei ulike helseinstitusjonanen i kommunane; sjukeheim, heimesjukepleie eller bustader for utviklingshemma. I tillegg skal du ha praksis på sjukehus.

Elektrofag 

Elektrofag er eit viktig fag for Noreg. Samfunnet vårt er eit av dei mest digitaliserte i verda, og vi er heilt avhengige av elektriske installasjonar og automasjon. 

Det skjer ei rask utvikling innanfor elektrofaga. Dagens fagarbeidarar og ingeniørar må kunne være med på å skape og bære fram nye ideear, og dei må være gode på å omstille seg. 

Faga i dette utdanningsprogrammet bidrar til å utvikle kompetansen du treng for å produsere, installera, drifte og vedlikehalde og reparere elektronisk utstyr og datateknologiske system. 

Utdanning innnanfor elektrofag er etterspurt av bedriftar innen prosessindustri, mekanisk industri, elektrofirma og i bedriftar som bygger, reparerar og vedlikeheldt elektriske anlegg og automatiske prosessystemar og maskinar.

Første til tredje året går du på skule 3 dagar i veka, og er på jobb 2 dagar. Fjerde året går du på skule 2 dagar i veka, og på jobb 3 dagar. 

Fagbreva som er aktuelle for deg er låssmed, tavlemontør, automasjon og produksjonselektroniker.

Her finn du meir informasjon om kvart av fagbreva:

låssmed

tavlemontør

automasjon

produkssjonselektroniker

Industri og teknologifag 

Moderne samfunnsliv er utenkeleg utan mekaniske fag. Heile den industrielle sivilisasjon er bygga opp av fagfolk som stadig har utvikla og forbetra ved hjelp av maskiner, motorar, kranar, pumper skip og elektronikk. I kvardagen møter vi mekaniske produkt over alt. 

Utdanninga handlar om praktisk arbeid med ulike materialer, verktøy, teknikker og maskiner for å produsere varer og tjenester. Du lærar å kommunisere og samhandle i verkstedet og andre læringsarenaer og følge gjeldende regelverk for helse, miljø og sikkerhet i arbeidet.

Det ytre miljøet er viktig og vert vektlagt gjennom bærekraft og teknologisk utvikling. 

Første til tredje året går du på skule 3 dagar i veka, og på jobb 2 dagar. Fjerde året går du på skule 2 dagar i veka, og på jobb 3 dagar.

Aktuelle fagbrev er CNC- operatør, industrimekanikar, industrirørleggar, platerarbeidar, sveisar og verktøymaker.

Her finn du meir informasjon om kvart av desse fagbreva: 

CNC-operatør  

industrimekanikar

industrirørleggar

platearbeidar

sveisar

verktøymaker. 

Søknadsprosess og inntak

Inntak

01 – Send søknad på eige søknadsskjema -  søknadsskjema til TAF/YSK i tillegg til søknad på Vigo søknadsskjema til Vigo
02 – Skulen sender standpunktkarakter
03 – Rangering
04 – Intervju
05 – Prioriteringar

Søknadsprosess og inntak

Inntak

01 – Send søknad

Send søknad på eige søknadsskjema innan fristen. Her er søknadsskjema TAF/YSK Hugs å laste opp karakterane fra 1. termin. NB! Det er ikkje desse karakterane som me ser på ved inntak.
Pass på at du skriv på ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse.

02 – Skulen sender standpunktkarakter

Pass på at ungdomsskulen din sender inn dine standpunktkarakterar i slutten av mai/starten av juni.

03 – Rangering

Søkjarane vert rangert etter karakter av Knarvik vidaregåande skule. Me legg stor vekt på matematikk og naturfag.

04 – Intervju

Søkjarane vert fordelt til intervju av styret i TAF-rådet. Dei prøver så langt råd er å finne bedrifter som ikkje ligg for langt borte frå der du bur. Innkalling til intervju får du via SMS.
Dei som kjem til intervju, får garantert to intervju (unntak: TAF-HO der nokon av søkjarane berre får tilbod om intervju i heimkommunen.
Intervjua vert gjennomført fyrst på TAF-EL, TAF-TP og TAF-HO. Intervjua på TAF-BA vert gjennomført til slutt. Søkjarane på TAF-EL og TAF-TP kan få tilbod om intervju her også om dei  ikkje er innstilt til plass på førstevalet sitt. 

05 – Prioriteringar

Etter intervjua sender du di prioritering av bedrifter til Knarvik vidaregåande skule (Dette gjelder TAF-TP og TAF-EL. TAF-rådsstyret drøfter søkjarens og bedriftas prioriteringar og kjem med si innstilling som vert sendt til Vestland Fylkeskommune. Det er Vestland Fylkeskommune som tek inn elevar til vidaregåande utdanning og du vil få melding derfrå om kva utdanning du kjem inn på. Dette skjer samtidig med alle andre søkjarar til vidaregåande utdanning i Vestland).
På TAF-BA og TAF-HO vert søkjarane handsama rett etter at intervjua er avslutta. Også her vert bedriftas innstilling sendt til Vestland fylkeskommune.

Lurar du på noko angåande søknad og opptak? Ta kontakt