Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Bilde av elev på TIF verkstad

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Få grunnkompetanse og sosial læring

Ikkje alle har dei same føresetnadene for å gjennomføre vidaregåande skule. Målet med tilrettelagt opplæring er å gje elevane grunnkompetanse, og det vert lagt mykje vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Læring gjennom praksis står sentralt hjå oss.

I oppfylginga av den enkelte elev står handling og konsekvens i fokus. Me vil veilede elevane på måter som gjer at dei lærer å leve i ei verd der normer og reglar danner grunnlag for det sosiale fellesskapet. Vårt mål er at elevane:

  • lærer å finne ut av kva de vil, kan og skal
  • lærer at dei ved eigen innsats kan påverke si eiga framtid
  • lærer å ta ansvar for eigne handlinger
  • lærer å skape sammenheng mellom ord og handling
  • lærer å vise respekt for andre mennesker
  • lærer å inngå i samspel med andre

 

Konsekvenspedagogikken:

Byggjer på eit humanistisk menneskesyn, der ansvar for eigne handlingar innan det sosiale fellesskapet utgjer eit viktig element i lærdommen. Elevane skal oppleve ein tydeleg og føreseieleg læringskultur, der konsekvensane av den enkeltes valg er tydelege og kjent på førehand.

Ressurser:

 Det settes inn pedagogiske ressurser fra skulens side for å yte ein så tett og personleg oppfølging av den enkelte elev som skulens rammer gjev mogligheit for. Gjennom dei pedagogiske metodane skal læraren veilede elevane til å ta ansvar for konsekvensane av eigne handlingar. I det ligg det ei forventning om at dei personleg og gjennom handling syner vilje til å fullføre opplæringa

Tilrettelegging:

Opplæringa er tilrettelagt for den einskilde elev med tilknytning til grupper og eleven får individuell opplæringsplan (IOP). Avdelinga tilbyr opplæring i tre programområder der kvar avdeling har ulik organisering.

Nemningane (HT, HTA og HTH) på gruppene er dei ein søkjer til ved inntak til vidaregåande opplæring for elevar med behov for særskilt tilrettelegging.

 

 

Våre utdanningsprogram

Skulen har i dag forskjellige avdelingar for å imøtekomme elevane på ein best mogeleg måte ut ifrå deira forutsetningar, behov og opplæringsmål. Avdelingane samarbeider tett rundt elevane for å optimalisere undervisningstilbodet hjå den einskilde elev. Avdelingane våre er kvardagslivstrening, arbeidslivstrening og yrkesfagleg grunnutdanning. 

Kvardagslivstrening

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov, og med rett til omfattande spesialundervisning. Målet er at elevane skal få betre kompetanse til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon. Målgruppa er elevar som har trong for eit varig tilrettelagt omsorgstilbod.

Vi tilbyr kvardagslivtrening innan utdanningsprogrammet Helse og oppvekst. 

Yrkesfagleg grunnutdanning

Opplæring i grupper på 8-10 elevar innafor Helse og oppvekst, Teknologi og industrifag, og Bygg og anleggseknikk.  

Tilbodet er for elevar som av ulike grunnar har vanskar med å gjennomføre eit ordinært vidaregåande opplæringstilbod. Det er mykje fokus på praktisk opplæring, og målet er at eleven går to år på skule og så ut i bedrift i to år, som lærekandidat. Dette gjev yrkesfagleg grunnkompetanse, og moglegheit for sjølvstendig arbeid. 

Undervisninga på skulen skal  gjere elevane bevisste på kva yrkesfaglege interesser og anlegg dei har, og kva fagområde dei ønskjer og har føresetnader for å satse på.
Dei skal oppnå ein fagleg og sosial kompetanse som gjer dei kvalifiserte og interessante som arbeidstakarar i arbeidslivet.

Arbeidslivstrening

Opplæring for elevar som treng god struktur og tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Undervisninga skjer i grupper på 4-6 elevar, og skal førebu elevane til arbeidslivet gjennom praktisk arbeid og teoretisk opplæring. Målet med opplæringa er at elevane skal kunne meistre varig tilrettelgt arbeid i ei ordinær bedrift, eller ei vekstbedrift. 

Vi tilbyr arbeidstrening innan utdanningsprogrammet Bygg og anleggsteknikk eller Helse og oppvekst, med fokus på matproduksjon og kantinedrift.