Vi er her for deg!
På skulen har vi to tilsette som jobbar med å finne på kjekke aktivitetar for elevane våre, og vere tilstades om du skulle trenge ein vaksen å snakke med.
Dei jobbar for at du som elev skal ha det best mogleg, og at du skal få oppleve mykje kjekt som elev på skulen vår. I løpet av året arrangerer vi ulike happenings, som f.eks. temaveker, markerer høgtider, Halloween, avslutningsfest for russekullet og ulike konkurransar.
Det er viktig at alle tar ansvar for å skape eit godt klasse- og skulemiljø. For å gjere det best mogleg på skulen er det viktig at du har det godt med deg sjølv og trivst sosialt.
Miljøteamet er alltid opne for forslag til kjekke, fine aktivitetar og opplevingar for enkeltklassar og skulen som heilheit. Dei samarbeider tett med elevrådet og russestyret, og kan på den måten få eit godt innblikk i kva som rører seg på skulen.
Aktivitetar på skulen


