Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

582A1807.jpg

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Påbygg er eit tilbod til elevar som har yrkesfagleg vidaregåande skule. Målet er å oppnå generell studiekompetanse for å kvalifisere seg til vidare studie på universitet og høgskular.

 

På påbygg kjem du i klasse med elevar frå ulike yrkesfag, frå Knarvik vgs og andre skular. Ei spennande klasse!

Skuleåret er teoritungt, her skal du ta ein del teori som du ikkje har fått på yrkesfag, som skal gjere deg klar til videre studie. Gode norskkunskaper er ein fordel då norskfaget er det største faget med 10 timar per veke.  

Elevane på påbygg skal i tillegg til dei ordinære faga ha minst eit programfag på 140 årstimer. Dei kan då velge mellom ei rekke ulike programfag frå utdanningsprogram for studiespesialisering. 

Forutsetninger for å søkje opptak er:

Fullført og bestått vg1 og vg2 frå eit yrkesfagleg utdanningsprogram, eller oppnådd yrkeskompetanse, med eller utan fag- og svennebrev.   

Fag- og timefordeling fellesfag:
  • Historie 140 timar
  • Kroppsøving 56 timar
  • Matematikk 2PY 140 timar
  • Naturfag 84 timar
  • Norsk 281 timar