Hopp til hovedinnhold

Vaksenopplæring

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.

Vestland fylke gir tilbod om gratis vidaregåande opplæring for vaksne over 25 år. Utdanninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse. Du kan også få realkompetansevurdering og studierettleiing hos oss. Alle tenester er gratis for deg med vaksenrett.

På Knarvik tilbyr vi: 

Helse- og oppvekstfag er ein yrkesfagleg utdanning.
Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel.
Utdanninga er på deltid og tilrettelagt for vaksne som ønsker å kombinere jobb og utdanning.

På Knarvik vgs tilbyr vi skuleåret 23/24:  

  • Helse og oppvekstfag Vg1
  • Helsearbeidarfag Vg2
  • (frå skuleåret 24/25 ønskjer vi og å tilby vg2 Barne og ungdomsarbeidarfag, vi oppdaterer her når dette er avklart)

 

Studiekompetanse for vaksne på Knarvik vidaregåande skule

Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan Knarvik vidaregåande skule tilby gratis vidaregåande opplæring.

For å studere ved universitet eller høgskule treng du generell studiekompetanse. Vi tilbyr dei seks faga du treng for å oppnå generell studiekompetanse: norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag. Faga dekker krava til å få generell studiekompetanse som vaksen etter 23/5-regelen (Du må dokumentere minst 5 år til saman med fulltids arbeidspraksis og/eller utdanning)

Du kan søke om opplæring i eitt eller fleire fag. Undervising og læremiddel er gratis for alle som får plass.

Har du ståkarakter i faga frå før vil du ikkje få plass.

All undervising er på norsk, og du må ha norsknivå tilsvarande B1 for å få plass på studiet. Er du minoritetsspråkleg må du gjennomføre og bestå ein språktest før du får plass.

Knarvik vidaregåande skule tilbyr dei seks faga over to år. Undervisinga vil vere på måndagar og fredagar med 6-8 skuletimar kvar dag. Du får standpunktkarakter i alle fag.

I norsk hovudmål er det obligatorisk skriftleg eksamen. I matematikk og engelsk er det trekk til skriftleg eksamen, og det er trekk til munnleg/munnleg-praktisk eksamen i alle fag.

Stad: Knarvik vgs, Juvikstølen 9, 5619 Isdalstø

Tid: Kl 08:15-15:25

Tilbod skuleåret 2023-2024: (to dagar pr veke: måndag og fredag)

fag

fagkode

t pr veke

eksamen

Norsk

NOR1267

NOR1268

NOR1269

8

(6+10)

Vår 2024

Hovudmål: obligatorisk skriftleg eksamen

Sidemål skriftleg: trekk

Munnleg eksamen: trekk

Matematikk

1P 1.halvår og

2P 2. halvår

 

MAT1019

MAT1023

6

(8+4)

 

Vår 2024

Skriftleg: trekkeksamen

Munnleg-praktisk: trekk

Sum

 

14

 

Tilbod skuleåret 2024-2025: (to dagar pr veke: måndag og fredag)

fag

fagkode

t pr veke

eksamen

Engelsk

ENG1007

4

Vår 2025

Skriftleg eksamen: trekk

Munnleg eksamen: trekk

Naturfag

NAT1007

4

Vår 2025

Munnleg-praktisk eksamen: trekk

Historie

HIS1010

5

Vår 2025

Munnleg eksamen: trekk

Samfunnskunnskap

SAK1001

2

Vår 2025

Munnleg eksamen: trekk

Sum

 

15

 

Dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne kan du kontakte oss på e-post: post.knv@vlfk.no

Du kan og ta kontakt med rettleiingtenesta som ligg nærast der du bur:

Bergen nord omfattar Alver kommune, Arna bydel, Austrheim kommune, Fedje kommune, Gulen kommune, Kvam kommune, Masfjorden kommune, Modalen kommune, Osterøy kommune, Samnanger kommune og Åsane bydel.
FOR TIMEBESTILLING

Bergen sentrum-vest omfattar Bergen sentrum, Laksevåg, Fyllingsdalen, Olsvikåsen, Sotra og Askøy. 
FOR TIMEBESTILLING

Bergen sør omfattar Fana, Ytrebygda, Bjørnefjorden kommune og Austevoll kommune. 
FOR TIMEBESTILLING

 

 

Har du spørsmål?

 

Kontakt via epost eller telefon

Vaksne kan få rettleiing om vidaregåande opplæring for vaksne via telefon eller epost.
Rettleiingstenesta har kontor i heile Vestland, så ta kontakt med kontoret som ligg nærast der du bur.