Skulen vår har ein lang tradisjon for internasjonalt samarbeid. Vi sender kvart år elevgrupper på besøk til ulike samarbeidsskular i Europa.
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Vi er ein såkalla akkreditert samarbeidspartnar med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Dette gjer at vi får enklare tilgang til finansiering av våre utanlandsopphold.
Skulen satser blant anna på følgjande:
Språkassistent
Her søkjer vi blant anna om språkassistent frå Frankrike, Tyskland eller Spania. Dette er ein student finansiert gjennom direktoratet, som kjem til oss for å bidra i vår språk- og kulturopplæring av elevane. Elevane syns det er veldig kjekt med ein som har framandspråket deira som morsmål, og opplæringa får ein ekstra dimensjon sidan assistenten ikkje snakkar norsk, og dei må bruke det aktuelle språket endå meir aktivt. Dette er god læring, samstundes som det er kjekt å bli kjent med ein ung student frå eit anna land.
Studieopphald i Frankrike
Gjennom Troll-avtalen kan fransklærere få støtte til studieopphold i Frankrike. Dette har vi lang erfaring med. Omtrent annethvert år reiser franskelever til Vienne i Frankrike for prosjekt knytta til læreplanen i Fransk. Dei bur hos ein fransk vertselev, og tek imot franske elevar når dei kjem på besøk til Noreg.
Samarbeidsprosjekt med skuler i Europa - for elevar og tilsette
Via Erasmus+ melder vi årleg inn våre behov og får tildelte midlar blant anna til språkreiser for elevane på studiespesialisering i språkfaga tysk, fransk og spansk. Vi har og samarbeid med skuler på yrkesfag. Tilsette kan og søkje midler til jobbskygging og kurs i Europa.
Samarbeid utanfor Europa
Vi deltar i eit stort prosjekt saman med NORAD og Himalpartner. om yrkesfagleg utdanning i Nepal. I Nepal er det stort behov for å auke kompetansen innanfor byggfag, og vi har spesiell fokus på opplæring i bruk av datamaskinbasert numerisk styring, som kan brukast til å produsere deler i metall (CNC).
Vi samarbeider med Butwal Technical Institute. Det er behov for fleire fagarbeidarar innan byggfag i Nepal. Gjennom prosjektet skal mekanisk avdelingen moderniserast, og ein byggfaglinje etablerast. Gjennom prosjektet skal vi utarbeide nye læreplaner, auke kompetansen hos lærarane, og det skal byggjast nye lokaler.