Hopp til hovedinnhold

Elevrådet

Bilde av elevrådsstyret 2022/23

Eit tett og godt samarbeid mellom elevar, lærarar og leiing er avgjerande for at ein skal kunne oppnå skulen sin visjon om “læring og vekst for alle”. Elevane må verte høyrd! Knarvik vgs. har ein engasjert elevmasse og eit fungerande elevråd som er oppteken av trivselen på skulen. Trivsel og læring går hand i hand.

Informasjon om elevrådet ved Knarvik vgs.

Elevrådsstyret: 

Elevrådsstyret har det overordna ansvaret for elevrådet, og har ansvar for å leie elevrådsmøter, arrangere sosiale happenings og mykje anna som bidrar til auka trivsel og inkludering på skulen. Deira overordna fokus er elevanes fellesinteresser: læringsmiljø, arbeidsforhold og velferd. Dei held månadlege styremøte, og alle referat frå møter ligg tilgjengeleg på It’s Learning for alle elevrådsrepresentantar. 

Dei ulike verva i elevrådsstyret:

  • Leiar: Elevrådsleiar har ansvar for å leie elevrådsmøtene, og har ansvar for å drive elevrådet. Han eller ho skal snakke med rektor og ta opp sakene som elevrådet ønskjer å diskutere. 

 

  • Nestleiar: Hjelper elevrådsleiar med oppgåvene, og fungerer som leiar for elevrådet når elevrådsleiar ikkje er tilstade.

 

  • Sekretær: Skriv innkalling til elevrådsmøtene saman med elevrådsleiar og lager referat etter møtene. Har ansvar for at referata blir gjort tilgjengeleg for dei tillitsvalde.  Hjelper til med lister, årshjul og andre viktige saker i elevrådet.

 

  • Styremedlem: Hjelper til å drive elevrådet. Har ofte eigne ansvarsområder, f. eks. sosiale medier, arrangement, innsamlingsprosjekt, temaveker med meir. Nokre skuler har styremedlem som leiarar for komiteane​.

Elevrådsrepresentantane si rolle i elevrådet: 

På starten av kvart  år vel klassen ein elevrådsrepresentant og ein vara. Elevane som blir vald til å være elevrådsrepresentantar forpliktar seg til å møte på elevrådsmøtene. 

Elevrådsseminar: 

Det vert held elevrådsseminar ved oppstarten av kvart skuleår i regi av elevrådsstyret og Miljøteamet ved skulen. Her får tillitselever informasjon om elevrådsarbeid og anna nyttig kunnskap knytt opp mot dette. Nytt val av styre vert held. 

 

I løpet av året samlast elevrådet også til kurs og allmøter.