Hopp til hovedinnhold

Elektro og datateknologi

Bilde av elev som monterer i elektroskap

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

Dersom du drømme om ein relevant og framtidsretta utdanning, e da få linje som som gjer fleire muligheta enn Elektro og datateknologi. Ved knarvik Videregående skule kan du få ein best mulig start på ei fremtidsretta karriere. 

I tillegg til muligheten for å bli elektrikar, automatikar, diverse forma for montør og mekanikar, e da sannsynligvis mange jobba innen detta fagfeltet som ikkje eksistera endå. 

Elektro og datateknologi e for deg som e nysgjerrig, systematisk og logisk tenkande. Du som e interessert i kordan ting henge sammen, og som har både praktiske og teoretiske evne. 

Ved Elektro og datateknologi på Knarvik Videregående skule, vil du få opplering i både koding og programmering. Du vil lera å bygga, montera og kobla ulike elektriske og automatiserte anlegg. Du vil óg ha gode muligheter for å få læreplass. 

På Knarvik vil du i tillegg bli ein del av da fantastiske miljøet ved ein stor og attraktiv skule. 

Elektrofag er et spennenda utdanningsløp som vil gje deg mange muligheta både i notida og fremtidas arbeidsmarked. 

Kva kan du bli?

Vel du elektrofag, opnar det seg ei verd av gode karrieremuligheter innanfor yrker for installasjon og vedlikehold av elektriske og elektroniske systemer.

Du bør ha evne til å arbeide nøyaktig, systematisk og trygt. Du vil lære å tenkje logisk og kreativt, både for å kunne løyse konkrete oppgåver og for å utvikla nye produkter.

Når du vel elektrofag har du ei heil rekkje moglegheiter. Du kan t.d. bli elektrikar, energimontør, automatikar, tavlemontør, heismontør, flymekanikar og kulde- og varmepumpemontør.

 

 

Vg1 Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er utdanningsprogrammet for deg som kan tenkje deg å jobbe innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering eller data- og elektronikkbransjen. 

Du lærer å byggja stereoforsterkarar, montera lys og varme, antenneanlegg, porttelefonar, brannalarmanlegg og ringeanlegg. Du lærer å kopla automatiserte motoranlegg og bruka simuleringsprogram på pc.

Vg2 Elenergi og ekom

Undervisinga gjev kompetanse som dekker behov innan helsevesen, næringsliv, bustadinnstallasjonar, skipsfart, samferdsel, kraftproduksjon og industri.

Du lærer å styra motorar, bruka PLS/PC til å styre automatiserte anlegg og å regulera prosessar i eit anlegg. Du lærer vidare teori om korleis ein produserer elektrisk energi i ein kraftstasjon og korleis ein fører den fram til brukaren.

Vg2 Automatisering

Eit vidt spekter av spennande jobbar står i kø for deg som har utdanning i automatiseringsfag. Innan dei fleste ledd i prosessbedrifter og industri er det stort behov for ein dyktig automatikar.

Som automatikar kan du få jobb i prosessindustri, mekanisk industri, olje- og gassindustrien og i bedrifter som byggjer, reparerer og vedlikeheld automatiserte prosessystem og maskinar. 

Automatiseringsfaget omfattar drift, vedlikehald og montasje av automatiserte system. Dette er system som blir nytta til kontroll, styring og regulering av automatiserte produksjonsprosessar og elektromekaniske system.

 

 

Elev som skrur på ein stikkontakt. Foto

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du søkje læreplass i godkjend lærebedrift. Du kan lese meir om det å bli lærling i lenka under:

Les meir om det å bli lærling.

Du kan og ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.