Studiespesialisering

Bilde av elevar i gangen

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Planleggar du å ta høyare utdanning?      ...Eller e du kanskje usikker på hvilken retning du skal velge, å ønsker å holde alle dører åpne?

Gjennom Studiespesialiserende ved Knarvik videregående skole vil du gi deg sjøl et hav av mulighetar, samtidig som du får være en del av et aktivt, sosialt og unikt skolemiljø.

Skolens miljøteam e et av landets beste, og årlig arrangeres det mange aktiviteter å temadager.

På Studiespesialiserende ved Knarvik kan du åsså velge mellom flere ulike retninger, som sammfunnsfag, økonomi eller realfag.

Gjennom samarbeid med andre elever, fagdager og utflukter får du en unik mulighet til faglig fordypning.

Drømmer du om å studere i utlandet?   Går du på studiespesialierande ved knarvik kan du ta andre året i Cardiff i Wales,  offentlig støttet, kor du får alle fag godkjent, sånn at du begynner i 3. klasse når du kommer tilbake.

Skolen har åsså internasjonalt samarbeid med andre skoler i Europa, med gode muligheter for offentlig støttede utenlandsturer.

Studiespesialiserende ved Knarvik Videregående skole e en fantastisk inngangsbillett for veien videre, mot høyare utdanning.

Innanfor studiespesialisering kan du velja mellom to programområde:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi 

Framandspråka våre er spansk, fransk og tysk. Og vi jobbar med å tilby språkreiser i desse faga, gratis for elevane. 

Du treng ikkje velja alle timane frå eitt programområde; i ein del av timane kan du velja fag frå andre område. Du skal også ha ein god del timar fellesfag, altså fag som alle elevane i dette utdanningsprogrammet har.

Vel du full fordjuping i realfag vil du få spesiell studiekompetanse, slik at du kan søkje opptak ved til dømes ingeniørstudium, legestudiet og veterinærstudiet.

Vel du fordjuping innan dei andre programfaga, får du generell studiekompetanse og kan søkje opptak til dei aller fleste studium ved høgskule og universitet.

Dersom det fristar med utanlandsopphald, har vi utveksling til Cardiff i Wales på 2. året. Skulen samarbeidar og med andre skular i Europa om kortare utlandsbesøk.

 
Vg1 Studiespesialisering

Første året blir det lagt stor vekt på innarbeiding av gode arbeidsvanar, studieteknikkar og samarbeid og samhold på skulen. 

På Vg1 har ein berre fellesfag, desse faga er obligatorisk for alle. Du kan velje om du vil ta praktisk matematikk (1P) eller teoretisk matematikk (1T).  I tillegg har du ha framandspråk, oftast det du hadde på ungdomsskulen. For deg som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen tilbyr vi tysk, dette har du alle tre åra. 

  • Fransk II
  • Spansk II
  • Tysk I
  • Tysk I+II
  • Tysk II

Vi tilbyr og eit programfag på vg1:

  • Teknologi og forskningslære

 

 

Vg2 Studiespesialisering

Du kan velje mellom

  • Språk, samfunnsfag og økonomi
  • Realfag
  • Utveksling til Wales og andre land

På vg2 vel du minst 3 programfag, pluss matematikk (R1 eller 2P).

To av programfaga må høyre til anten under Realfag eller Språk, samfunnsfag, økonomi, for å få fordjupning.

Realfag

På Vg2 kan du velja mellom:

  • Matematikk R1
  • Biologi 1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Teknologi og forskningslære 2
 
Språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg2 kan du velja mellom:

  • Internasjonal engelsk
  • Økonomistyring
  • Entreprenørskap & bedriftsutvikling 2
  • Sosiologi og sosialantropologi
  • Rettslære 1
  • Psykologi 1

 

Du kan og ta vg2 i utlandet! Kostnadar er dekke av Fylkeskommunen og Lånekassa. Meir informasjon om vg2 i Cardiff. 

 

 

Vg3 studiespesialisering

På vg3 fordjupar du deg i to av programfaga du hadde på vg2. Vi legg stor vekt på at du skal bli godt førebudd på vidare studier.

Her kan du lese meir om kva fag vi tilbyr på vg3. På Vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på Vg2. I tillegg vel du fritt eit tredje programfag.

Realfag

På Vg3 kan du velja mellom:

  • Matematikk R2
  • Biologi 2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Teknologi og forskningslære 2
  •  
Språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg3 kan du velja mellom:

  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Sosialkunnskap
  • Økonomi og leiing
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
  • Politikk og menneskerettar
  • Rettslære 2
  • Psykologi 2
  • Breddeidrett

 

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning. 

Her får du òg informasjon om kva slags opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.  Har du ikkje bestemt deg, kan du få gode tips på sida som heiter utdanning.no eller samordna opptak.

Lenke til Samordna opptak      Lenke til Utdanning.no