Hopp til hovedinnhold

Vil du ta vg2 i Cardiff i Wales?

Bilde av Cardiff Bay

Alle vg1 studiespesialisering elevar i fylket kan søkje om utveksling til vår samarbeidsskule i Cardiff i Wales! Har du lyst på eit annleis skuleår, som vil gje deg verdifull erfaring og mange spennande opplevingar?

Utvekslinga går ut på at du går på skule i Wales i eit heilt skuleår. Du blir elev på Cardiff and Vale College (sjå lenke til skulen lenger nede) som Vestland fylke har ein samarbeidsavtale med. Du bur i vertsfamilie eller internat som skulen i Cardiff organiserar, saman med Knarvik vgs.

Skuleåret tel som Vg2 i utdanningsprogram for studiespesialisering. Etter året i utlandet kjem du tilbake til  norsk vidaregåande skule, og fullførar vg3. 

Elevar som nyttar seg av denne ordninga, kan såleis gjennomføra den vidaregåande utdanninga si på dei vanlege tre åra - samstundes som dei skaffar seg verdifull internasjonal studieerfaring. Kravet til deg som elev er at du kan omstille deg og er open for andre kulturar, og at du kan arbeide sjølvstendig. Det er ein stor overgang frå vgs her heime, så du må vere motivert for eit annerleis skuleår. All undervisning er på engelsk, dei fleste blir raskt vant til dette. 

Kostnadar

Skulepengar vert dekka av stipend frå Statens Lånekasse og Vestland fylkeskommune. Elevane vil få reise- og bortebuarstipend frå Statens Lånekasse som vil dekke reiser og delar av bukostnadane.

Du må rekne med å dekke ein del av bukostnadene sjølv, då stipendet ikkje dekker alt. I tillegg er det komt ekstra utgifter i forbindelse med Brexit for kvar elev, deriblant visum, helseforsikting og språktest.

Tilsaman  estimerer vi denne eigenandelen til å utgjere kr 50.000 (om ein bur hos vertsfamilie) og kr 80.000 (om ein bur på internat) for skuleåret 24/25. 

Internatet som colleget har ein avtale med heiter Zenith, og ligg 5 min gåavstand frå colleget, midt i Cardiff sentrum. Lenke til heimesida til Zenith

Korleis søkjer du?

Elevar som søkjer plass på dette studietilbodet, skal søkja på vanleg måte via fellesinntaket innan 1. mars i Vigo. Du må setja Vg2 i Wales opp som førstevalet ditt. Og eksiterande skule på andreplass. Dersom du ikkje får plass, vil andrevalet ditt gjelda.

I tillegg skal du sende ein søknad skriftleg søknad, som inneheld: 

  • Du søker på eit eige søknadsskjema. Søknadsskjema vg2 Cardiff.
  • Om lag 1 side på engelsk, der du presenterer deg sjølv, kva for bakgrunn du har, interessene dine, og kvifor du søkjer dette utdanningstilbodet (last opp i søknadsskjema).
  • Kopi av karakterane dine frå første termin dette skuleåret (last opp i søknadsskjema, du kan ta bilete frå VIS). Pass på at fråvær, orden og åtferd er inkludert.
  • Underskrive samtykke frå føresette om at du kan reise eit år til Wales (last opp i søknadsskjema)

 

Prosess vidare

Det blir gjennomført intervju av aktuelle søkjarar i mars. Intervjuet blir på engelsk. 

Endeleg inntak blir gjort etter individuell vurdering av søkjarane i samband med det ordinære inntaket til vg2 Studiespesialiserande utdanningsprogram.

 

Vitnemål

Etter skuleåret i Wales vil kvar elev få ei stadfesting av skulegangen i utlandet frå Knarvik vidaregåande skule. Etter fullført Vg3 vil elevane få vitnemål for fullført vidaregåande opplæring i samsvar med dei reglane som gjeld for godkjenning av eit skuleår i utlandet.

Informasjon om skulen i Wales

Vi har for tida ein samarbeidsskule i Cardiff, det er Cardiff and Vale College. Lenke til Cardiff and Vale College sin heimeside

Denne skulen er eit college, og liknar litt på ein høgskule eller universitet i måten dei organiserar opplæringa. Du går ikkje i ein fast klasse slik som her heime. Du velger 3 programfag, og 2 av dei må du velge ut i frå kva fordjupning du skal ha på vg3. Dette hjelper vi deg med. Her er ei liste over alle faga dei har på skulen: 

Lenke til Cardiff and Vale College sine a-levels fag

Kvart fag er ca 4 timer per veke. Og mellom kvar økt vert det forventa at du jobber på eigahand med faget. Det er flotte bibliotek og studieplassar rundt omkring på campus. I tillegg til programfaga har du framandspråk ein kveld per veke. Og du har norsk og matte med lærar frå Knarvik, ein del på teams, noko fysisk. 

Her kan du lese om Nora som var elev i Cardiff i 2021/22.

Vil du snakke med elevar som har vore i Cardiff kan du kontakte Lisbeth Sjursen så får du kontaktinfo av ho. 

Spørsmål om vg2 i Cardiff?

Lisbeth Sjursen

Avdelingsleiar i humanistiske fag
Bilde av Lisbeth Sjursen