Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

16.jpg

Vi har eit tett samarbeid med bedriftar og næringslivet i Nordhordland, samt opplæringskontor og Nordhordland Næringslag. Dette gjer at vi kan hjelpe alle våre elevar med å få læreplass etter fullført og godkjent vg2 opplæring hjå oss!

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere:

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ein bedrift der du ønsker å søke læreplass? Om ikkje får du hjelp av oss på skulen. Mange av våre elevar får læreplass i den bedriften dei har vore utplasserte i. I tillegg samarbeider vi med Opplæringskontoret i Nordhordland - les meir om Opplæringskontoret. 

 

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøke bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlinger. Uansett kva du vel tilrår vi at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. På skulen får du god hjelp til dette. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanligvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt.

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova.