Hopp til hovedinnhold

Varmt velkommen til nytt skuleår 2026-2027

Bilde av skulebygg på Stølen

Vi gler oss til nytt skuleår med alle våre kjekke elevar! Spesielt velkommen til deg som er ny elev ved skulen vår, vi gler oss til å bli kjent med deg! Her finn de praktisk informasjon om skulestart; første dag er måndag 17. august.

Første skuledag er måndag 17. august.

Det er ulike oppmøte klokkeslett for ulike klassar, her kan du finne ein oversikt: Oppmøteplan første skuledag

Det er mange innganger til skulen, og vi står og tek i mot og viser deg kor du skal, uansett kor du kjem inn. Alle vg1 elevar og vg2 yrkesfag vert ønsket velkommen av rektor i auditoriet på Juvikstølen 9, der får du også får vite kva klasse du skal gå i. Saman med kontaktlærar og klassen går du til klasserommet. I klasserommet finn du namnet ditt på den pulten du skal sitte ved.

Timeplanen din er elektronisk og den får du tilgang til ved skulestart via denne lenka: Visma In School timeplan

Skuleskyss: Om du lurar på noko rundt skuleskyss med buss, og om du har krav på gratis busskort, finn du meir info om dette på Skyss si heimeside.   

 Køyrer du motorsykkel må du parkere på baksida av skulen (den sida som er mot Knarvik Senter). Parkeringsplassen er merka med skilt.  

 PC/MAC  Du treng PC/MAC ved skulestart. Om du skal kjøpe ny, anbefaler vi å kjøpe gjennom skulen sin innkjøpsordning, her finn du PC og MAC til svært gode prisar, subsidiert av Vestland Fylkeskommune. Du treng ikkje å kjøpe ein  dyr modell, den billigaste PC’en fungerar veldig bra for dei fleste elevar.  Du kan søkje utstyrstipend frå Lånekassa