Som elev på studiespesialisering har du tilgang til å søkje på fylket sine utvekslingsprogram i fleire ulike land! Du kan då ta vg2 i utlandet, og komme tilbake og fortsette på vg3 her heime.
Desse utvekslingane er godkjende og støtta av fylket og Statens Lånekasse.
Ulike skular organiserar dei ulike utvekslingane, men alle elevar som går på fylkeskommunal skule kan søkje. Søknadsfristen er 1. mars og du søkjer i VIGO.
Her kan du lese meir om dei ulike utvekslingsprogramma, på dei ulike heimesidene til skulane. Her finn du også søknadsskjema du skal bruke, når det nærmar seg søknadsfrist:
Kvam vgs organiserar utveksling til USA
Voss gymnas organiserar utveksling til Frankrike
Nordahl Grieg vgs organiserar utveksling til Wales
Askøy vgs organiserar utveksling til Tyskland