Hopp til hovedinnhold

Skulestart

Ventelister: Her finn du ventelister til våre ulike utdanningsprogram. Vi tek kontakt med deg dersom du får plass.

Studiespesialisering og påbygg 

Teknologi og industrifag vg1 og vg2 

Byggfag 

Elektro 

Helse og oppvekst

 

Skulestart torsdag 14. august 2025 - kor skal du møte: 

Velkommen som elev ved Knarvik vidaregåande skule 

Når du kjem til skulen vil det vere vaksne som møter deg i inngangspartia for å hjelpe deg og vise veg til “Knarren” (skulen sitt auditorium) og til klasserom. I veka før skulestart får du sms med litt meir informasjon om dei første dagane på skulen. 

Vi gler oss til å møte deg! 

Kan du ikkje møte første skuledag? 
Då er det viktig at du kontaktar skulen på telefon 56355400 eller sender ein e-post til post.knv@vlfk.no 

Påminning om ansvaret for å skaffe eigen PC 
Vi minner om at du sjølv må ta ansvar for å møte på skulen med eigen PC. Du kan nytte tilbodet om rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Grunnmodellen (den billigaste) du finn på denne sida er tilstrekkeleg for alle våre utdanningsprogram, inkludert alle yrkesfaga. 

Timeplan 
Du loggar inn med din feide-brukar og ID via denne adressa: https://knarvik-vgs.inschool.visma.no/Login.jsp#/ Legg merke til at sjølv om du inne i timeplanen finn eit starttidspunkt som ikkje samsvarer med frammøteplanen, er det likevel tidspunktet i frammøteplanen som gjeld første skuledag. 

Velkommen til oss!