Universitetsturneen er eit nasjonalt studieorienteringssamarbeid mellom alle landets universitet. I dag var det vår skule og våre avgangselevar som var stopp på turneen!
Målet med turneen er å tilby god informasjon om høgare utdanning til alle som er i ferd med å oppnå generell studiekompetanse. Først fekk alle avgangselevane på studiespesialisering og TAF ei felles økt i auditoriet, der alle universiteta presenterte seg. Etterpå kunne dei besøke dei ulike universiteta på stand i klasserom rundt omkring på skulen.

