Shara og Nikola er meistrar i barne- og ungdomsarbeid! Oppgåva gjekk blant anna ut på å aktivisere barnehageborn, som dei aldri har møtt før.
For å fremje fag- og yrkesopplæringa i Noreg er Vestland fylkeskommune med og arrangerer yrkesfagkonkurransar for elevar i vidaregåande skule.
15. februar arrangerte difor Knarvik vgs fylkesmesterskapet i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Deltakarane fekk praktiske og realistiske oppgåver dei skulle gjennomføre, og dei vart vurderte av dommarar med erfaring i faget. Vi fekk låne born og dommar blant anna av Juvikstølen barnehage.
Vi konkurrerte med elevar frå Fitjar, Fusa og Måløy.
Ein spennande dag, med mange elevar i sving, og heile barne og ungdomsarbeidarklassen, med lærar Kristine Moldeskred i spissen, stod for arrangementet her på skulen.

