Hopp til hovedinnhold

Fråværsreglar

Reglane om fråvær finn du i forskrift til opplæringslova, sjå særleg §§ 9-8 og 9-53. Sjå òg Utdanningsdirektoratet sine heimesider for meir informasjon om fråværsreglane i mellom anna eige rundskriv.

Elevar er ansvarlege for å melde fråvær sjølve, til sin kontaktlærar. 

FRÅVÆRSREGLAR OPPSUMMERT:

Elevar i vidaregåande skule som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag. 

Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gje vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er: 

  1. sjukdom eller andre helseforhold  
  2. velferdsforhold 
  3. andre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18 
  4. lovpålagt oppmøte 
  5. arbeid som tillitsvald 
  6. politisk arbeid 
  7. hjelpearbeid 
  8. tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2. 
  9. representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå. 

Velferdspermisjon i forbindelse med gravferd eller alvorleg sjukdom i familien. Deltaking i konfirmasjon kan også gje velferdspermisjon. 

Alt fråvær frå opplæringa, uavhengig av grunn, skal i utgangspunktet telje med når ein skal vurdere om eleven er innanfor eller er over fråværsgrensa. Nokre døme som omfattast av fråværsgrensa: 

  • fråvær i samband med privatisteksamen, der eleven vil forbetre ein karakter som privatist. 
  • fråvær i samband med opptaksprøvar til høgare utdanning eller intervju til deltidsjobbar. 
  • fråvær som følgje av bortvising. 

 

Fråvær som ikkje omfattast av fråværsgrensa 
Dersom eleven er borte frå opplæringa på grunn av ein rett han eller ho har etter opplæringslova, skal fråværet ikkje telle med i fråværsgrensa. Slikt fråvær kan til dømes vere: 

  • avtaler med rådgjevar/helsesjukepleiar på skulen 
  • utgreiing som vert gjennomført av PP-tenesta og Statped 
  • elevrådsarbeid, skuleadministrativt arbeid og deltaking på elevting i regi av Elevorganisasjonen o.l. som er godkjent av skulen 
  • avtalt samtale med rektor eller andre tilsette 
  • intervju til læreplass 
  • særskilt, ny og utsett eksamen 
  • representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå 
  • Inntil to dagar for religiøse høgtider, t.d Eid.  
  • Opplæring i heimen eller på institusjon på grunn av langvarig sjukdom eller liknande er ein del av den ordinære opplæringa, og vert difor ikkje rekna som fråvær. 
  • Dersom privatisteksamen inngår i det vanlege fagvalet til eleven, vil fråvær frå opplæring på grunn av privatisteksamen ikkje verte rekna som fråvær.  
  • Førarkort: 4 timar obligatorisk sikkerheitskurs på bane (trinn 3) og 9 timar av sikkerheitskurs på veg (del 2 og 3 av trinn 4). Rimeleg reisetid vil også omfattast av det dokumente