Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket.
Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skoletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmodar alle elevar til å delta.