Streik

streik.jpg

49 tilsette i streik frå 19. september

Dette får mykje å seia for timeplanen for elevane. Undervising der lærar ikkje er i streik, vil gå som normalt. Dette inneber at du må møta til undervising som ikkje er ramma av streiken. Vanlege fråversreglar gjeld for desse timane.

Timeplan

Timeplanen vert oppdatert i Visma InSchool. Der lærar er i streik vil planen vere tom. Kun timar som går som normalt vil visast i timeplanen. Timeplanen vert oppdatert etter kvart.

Open skule

Me ønskjer elevane velkomne sjølv om mykje av undervisinga fell bort. Me kjem til å opna klasserom for dei som ønskjer å vera på skulen og jobbe med skulearbeid. Kantina vil og vere open.