Hopp til hovedinnhold

Skulestart august 2024

Elevar som speler volleyball

Her finn du informasjon om kor og kortid du skal møte opp første skuledag, torsdag 15. august.

Velkommen som elev ved Knarvik vidaregåande skule

I dokumentet under finn du ein oversikt over alle utdanningsprogramma ved skulen, og kortid du skal komme på skulen første skuledag. Vi har to ulike bygg ved skulen vår, pass på at du sjekkar kva for eit bygg du skal møte opp i.

Når du kjem til skulen vil det vere vaksne som møter deg i inngangspartia for å hjelpe deg og vise veg til “Knarren” (skulen sitt auditorium) og til klasserom. I veka før skulestart får du sms med litt meir informasjon om dei første dagane på skulen.

Les meir om første skuledag i dette dokumentet : oppmøte og informasjon 1. skuledag 

Vi gler oss til å møte deg!

Kan du ikkje møte første skuledag?
Då er det viktig at du kontaktar skulen på telefon 56355400 eller sender ein e-post til post.knv@vlfk.no