Hopp til hovedinnhold

Erna Solberg på besøk hos TAF og TIF

Bilde av Erna Solberg med elevar

"Walk and talk" med elevar og tilsette ved skulen

Erna Solberg besøkte skulen for å læra meir om TAF tilbodet, og korleis vi som skule jobbar med dette. Knarvik har lange tradisjonar for å drive TAF som eiga utdanningsløp. TAF består av fagbrev og studiekompetanse, og er eit fireårig løp, der mykje av utdanninga foregår i bedrift, i alle dei fire åra.

Ein av grunnane til at vi lykkast er eit særs godt samarbeid med næringslivet, som tek i mot elevane våre ute i sine bedrifter. Dette vart og trekt fram under besøket. Dei same bedriftene tilbyr og utplasseringsplassar til yrkesfagelevane våre, noko som igjen sikrar at dei aller fleste av våre elevar har læreplass når dei er ferdige med yrkesfagutdanninga si. 

Erna fekk møte elevar frå både TAF og Teknologi og Industrifag (TIF), veldig kjekt å møte ho, og ho stilte opp både på selfie og TikTok! 

20220928_103720.jpg

TIF vg1 elevar med Erna, med Erna-helsing skrevet på knokene!